VM i skiskyting 1989

Verdsmeisterskapen i skiskyting 1989, den 24. i rekka, fann stad i landsbyen Feistritz an der Drau i forbundslandet Kärnten i Austerrike i dagane 7. til 12. februar 1989. For aller fyrste gong vart meisterskapen for både og kvinner og menn avvikla på samwe staden og til same tid.

Ei ny øving, lagtevling med fire deltakarar på laget, stod på programmet for både menn og kvinner. Det enkelte laget gjekk i samla tropp, ein skyttar skaut om gongen og måtte gå eventuelle strafferundar før heile laget kunne gå vidare. Øvinga stod på VM-programmet til 1997.

Sovjetunionen og Noreg vann kvar sine sju medaljar av dei 24 som vart delt ut. Sovjetunionen tok flest gullmedaljar med tre stykke. Einast seks land fekk medalje.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy